Hjem Lærarrettleiing
    Increase font size Default font size Decrease font size
Lærarrettleiing

tXt-aksjonen 2009: ”Vektløs”

Kjære lærar!
Velkomen til den årlege leselystaksjonen. I denne utsendinga vil du finne alt du treng for å gjennomføre aksjonen i klassa di. Som lærar er du ein av dei viktigaste formidlarane av litteratur. Vi håpar du vil kose deg med dei tekstane vi har valt. Hugs at formidlingsgleda di smitter over på elevane!

Nytt av året er at vi har fått pedagog og kritikar Guro Havrevold til å lage eit oppgåvesett som bind tXt-aksjonen opp mot læreplanen i norsk. Hennar tips og oppgåver finn du lenger uti denne lærarrettleiinga. Men uavhengig av læremål; sett av tid til lystlesing i skoletida! All lesing treng ikkje å ende i ei oppgåve…  

Aksjonsperioden
Materiellet kan tas i bruk ved skolestart. Aksjonen avsluttast 1. desember, og det er viktig at de får svara på konkurransen innan denne fristen. Vinnarane blir kåra kort tid etter dette. Det er sjølvsagt mogleg å nytte materiellet utanom denne perioden også.

Pocketbok
Kvart klassesett inneheld 30 bøker – ein til kvar elev. Elevane får bøkene til odel og eige. Årets tXt-antologi, ”Vektløs”, inneheld utdrag frå 17 bøker. Tekstsamlinga er breitt sett saman med utdrag frå bøker for ungdom og vaksne, dikt, noveller og utdrag frå teikneseriar, romanar og fagbøker. Sju av utdraga er omsette tekstar. Fem av utdraga er på nynorsk og tolv er på bokmål. Blant utdraga finn du noko for einkvar smak. Her er kjærleik, action, spenning, poesi, fotball, grøss, humor, sorg, fakta og fiksjon om kvarandre. Vi har tatt omsyn til båe kjønn, interesse og ferdigheitsnivå når vi har gjort utvalet. Med andre ord vil kan hende ingen like alle tekstane, men alle vil kunne finne minst ein tekst dei vil utforske vidare. Hovudpoenget med aksjonen er å få elevane til å lese flest mogleg av tekstutdraga. Dette kan gjerast på mange måtar, men for oss i !les er det viktig at aksjonen blir ein spore til lystlesing. Vi håpar at de set av god tid til å lese slik at elevane får nyte tekstane i fred og ro. Bruk gjerne eit kvarter kvar dag!

Film
Årets film er ein Mokumentar – ein oppdikta dokumentar. Filmen er produsert av Foreininga !les for årets aksjon, og utgjer grunnlaget for konkurransen knytt til aksjonen. Hovudpersonen møter fem karakterar frå fem ulike tekstar i pocketboka. Gjennom situasjonane som finn stad skal elevane finne ut kva slags tekstar karakterane er henta frå. Filmen varar ca 20 minutt.

Konkurranse
Lengst bak i pocketboka finst eit svarskjema som må vere Foreininga !les i hende innan 1. desember. Konkurransen kan bli løyst av klassa i fellesskap eller av den enkelte elev. Individuelle svar blir med i trekninga av kule premiar (sjå oversikt bak i pocketboka!). Klassa har moglegheit til i fellesskap å vinne bokpakker. Det er ingen ting i vegen for å sende inn båe klasse- og enkeltsvar. Vær oppmerksam på at vi har laga to svarkupongar, ein for klassesvar og ein for enkeltelevar. Gjennom heile aksjonsperioden legg vi kvar veke ut konkurransar på våre heimesider www.txt.no.

Lydbok
Årets lydbok er ei Daisybok, dvs. at ho har daisy-struktur og mp3 lyd. Boka kan spelast av i daisy-spelar, mp3-spelar, PC og mp3 kompatibel CD-spelar. Spornummer til kvart enkelt tekstutdrag blir lese i innhaldsoversikta, for å gjere det lettare å søke ved bruk av mp3 spelar. Lydboka er lagt til rette og produsert av Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek. Om du ikkje har fått alle dei lydbøkene du har bestilt, kan dette skyldast at bestillinga ikkje stod i samsvar med bestilte pocketbøker. Har klassa særskilte behov, så ta kontakt med !les sin administrasjon!

Plakat
I materiellpakka vil du finne ein plakat for årets leselystaksjon. Heng denne gjerne opp i klasserommet, skulebiblioteket og andre stader elevane ferdast.

Nettsider
Nettsidene www.foreningenles.no for lærarar og www.txt.no for elevar, kan hjelpe dykk med å få større utbytte av aksjonen. Her finn de informasjon om aksjonen, lese- og skrivetips, konkurransar med meir.

Tilbakemeldingar
Ved påmelding vart de gjort merksame på at de må svare på ei nettbasert spørjeundersøking i løpet av aksjonen. Det er viktig at de set av tid under arbeidet med aksjonen til å svare på dette medan elevane framleis har leseopplevingane friskt i minne. Spørjeskjemaet vil de finne på nettsidene våre, og de vil og få ein e-post med lenke direkte til skjemaet. Vi ønskjer ein så god aksjon som mogleg, og responsen frå båe elevar og lærarar er viktig for korleis vi skal utvikle aksjonen vidare.

Lykke til med årets leselystaksjon!

Ketil Kolstad
- dagleg leiar -
Foreininga !les




 
Registered users
0

Filminnspilling av Vektløs


sweetdreams.jpg