|
(Skrift i kursiv viser til kompetansemål i norsk etter 10. klasse.)
Sjølv om elevane har moglegheit til å høyre tekstane, kan det vere fint å lese høgt for dei. Til teksten Kiffe, Kiffe er enkelte oppgåver basert på høgtlesing.
Læreplanen i norsk set som eit mål at elevane skal presentere viktige emne og uttrykksmåtar i sentrale samtidstekstar og samanlikne dei med framstillingar i klassiske verk frå norsk litteraturarv. Følgjande tabell viser eit forslag til kva slags tekstar som kan plasserast under dei ulike emna. Nokre av tekstane kan dekkje fleire mål.
| Emne |
Tekstutdrag |
| Kjærleik og kjønnsroller |
Sug, Bitching, Kiffe Kiffe, Jenteloven, Notat frå helsesøster, For gammal |
Helt og antihelt
|
Best i byen, Knokkel-labyrinten, Soga om Olav Sleggja |
| Verkelegheit og fantasi |
Isdragen, Ung sorg, Dødslekene, Darlah, Playstation, Knokkel-labyrinten |
Makt og motmakt
|
Sug, Eg var der, Veslebror ser deg, Ung sorg, Kiffe Kiffe, Gutten som hadde svar på alt, Bitching |
Løgn og sanning
|
Veslebror ser deg, Landet under isen, Gutten som hadde svar på alt |
| Oppbrot og ansvar |
Eg var der, Kiffe Kiffe, Jordbær i januar |
I nokre av tekstane (t.d. Jenteloven, Best i byen, Gutten som hadde svaret på alt og Den mørke siden av månen) nyttast banneord, og nokre vil kunne reagere på ordbruken. Tekstane er eit godt utgangspunkt for å drøfte korleis språkbruk kan verke diskriminerande og trakasserande.
- Kva betyr å trakassere?
- Korleis kan språk trakassere og diskriminere?
- Kva slags ord blir banneord? (Ofte ord med bakgrunn i Gud og Djevel eller ord som er knytt til kjønnsorgan/avføring.)
- Kva oppnår vi med å nytte banneord?
- Kan ein oppnå det same utan å banne?
Ulike menneske oppfattar same banneord forskjellig, jamfør ungdomsspråk og ulike dialektar/sosiolektar. Elevane har sikkert eksempel på korleis dei omtaler kvarandre på måtar som eldre reagerer på. Nokre av tekstane har valdeleg handling. Oppgåvene tar sikte på å få elevane til å reflektere rundt vold som litterært verkemiddel og emne.
Eit overordna emne for to av tekstane (Gutten som hadde svar på alt, Dødslekene) er kor langt ein kan gå i underhaldninga si teneste. Finst det grenser for kva som er akseptabel underhaldning? Blir dei grensene brotne i dag?
Generelle oppgåver knytt til kompetansemål: - formidle munnleg og skriftleg eigne leseerfaringar og leseopplevingar basert på tolking og refleksjon:
Når vi skal vurdere litteratur, ser vi etter mange ulike trekk ved teksten. Det kan til dømes vere:
- originalitet (har ikkje lese noko sånt før)
- overraskande handling (god spenningskurve)
- blir ein godt kjent med personen (-ane)
- å kjenne seg att (det kunne ha vore meg)
- skapar ei anna og ny verd
- språk (lett å lese, gode språklege bilete, verkar ikkje konstruert)
- lærer noko av boka, kan utvide forståinga av verkelegheita
- god struktur på handling og oppbygning
- Leit etter gode formuleringar! Skriv dei ned undervegs i lesinga.
- Vel ut ein tekst du likte og ein du ikkje likte så godt. Skriv ned punktvis kva som er grunnen til synet ditt på desse tekstane. Prøv å finne eksempel i teksten som viser kva du meiner.
-gjennomføre [...] rollespel og dramatisering -delta i utforskande samtaler om litteratur:
Fleire av tekstane tek opp vanskelege og ømtolige emne. Eit sett å arbeide med emna i tillegg til å snakke om dei, er å lage ulike typar dramatiseringar, gjerne i mindre grupper.
Å snakke om sorg og tap kan vere ein fin innfallsvinkel til tekstane Jeg har sydd... og Den mørke siden av månen. Dei fleste elevane har mista noko kjært, ikkje nødvendigvis eit medlem av familien, men kan hende eit kjæledyr, ein vennskap eller ein ting som betydde mykje. Korleis kan litteraturen kan hjelpe/forberede oss ved at den tematiserer allmennmenneskelege erfaringar? Ein innfallsvinkel kan vere å byrje med biodikt for å etablere forståing for hovudpersonen:
1: fornamn
|
2: 4 karaktertrekk |
| 3: som elskar/likar (3 ting, menneske) |
4: som føler |
5: som treng
|
6: som fryktar |
7: som ønskjer
|
8: som drøymer |
| 9: som mister |
10: etternamn |
(3 eksempel linje 4-9)
Spesielt overraskande kan det vere å dramatisere same tekst fleire gonger med ulikt kjønn. Sug og Best i byen egnar seg godt. Kva slags endringar skjer når det er gutar som spelar Erle og Annika? Og i neste omgang: Kva ville gutane ha sagt/gjort i ein sånn situasjon?
Til kvar tekst er det laga oppgåver med ulik vanskegrad. Oppgåvene er laga med tanke på at dei skal dekkje ulike mål i Kunnskapsløftet. Det overordna målet er at elevane skal øve seg på å grunngje synspunkta sine, båe med å vise til teksten og med argumenter som baserer seg på meir generelle erfaringar. Dei fleste oppgåvene har til mål å auke leseforståing og leseglede gjennom å appellere til elevane si medkjensle, meir enn dei oppmodar til analyse av dei enkelte tekstane. Det er ikkje meininga at oppgåvene skal løysast med heile setningar i skriveboka. Oppgåvene er grunnlag for diskusjon blant elevane. Spørsmåla kan hjelpe elevane til å utvide horisonten ved å ta ein annan sitt perspektiv. Andre oppgåver er meir knytt til verkemiddel og oppbygging, særskilt:
- kjenne att dei språklege verkemidla humor, ironi, kontrastar og samanlikningar, symbol og språklege bilete.
Johan Harstad: Darlah
- Finn eksempel på korleis spenninga i teksten blir bygd opp, båe kva som skjer (ytre handling) og kva personane tenkjer om situasjonen (indre handling).
- Kva slags inntrykk får du av Nadolski?
- Korleis synst du forteljinga skal fortsette? Skriv ned stikkord sånn at du kan fortelje andre kva du ser for deg.
- Kunne du ha tenkt deg å bli med på ein måneekspedisjon? Kvifor (ikkje)?
Torbjørn Moen og Pål Atle Johansen: Best i byen
- Finn eksempel i teksten på korleis det kroppslege ubehaget til Tom blir skildra. Kva synst du om skildringane?
- Kva synst du om trenarens metodar? Ville du ha vorte motivert av han til å yte ditt beste? Kvifor (ikkje)?
- Gi eksempel på stader i teksten kor det blir nytta banneord. Synst du orda glir naturleg inn i samanhengen? Kva oppnår forfattaren med å bruke ”stygge ord”?
- Teksten pregast av mykje dialog og ”ungdommeleg” språk. Er det ord du sjølv kunne ha nytta, eller synst du orda verkar gamaldagse eller konstruert ungdommelege? Gi eksempel.
- Kven syns du er helten i teksten? Kva slags karaktertrekk har han?
- Forholdet mellom Tom og Magnus er annleis på slutten av teksten enn i byrjinga. Kvifor det? Vi får vete ein del om kva Tom tenkjer om Magnus. Kva trur du Magnus synst om Tom?
- Teksten brukar mellom anna humor som verkemiddel. Finn eksempel på morosame episodar eller misforståingar. Sjå for deg teksten utan desse episodane. På kva slags måte ville det ha endra ditt syn på hovudpersonen?
Heidi Linde: Sug
- Legg merke til korleis Annika blir skildra når Marius kjem bort til bordet deira. Korleis er skildringane med på å forsterke den ubehagelege kjensla ho har?
- Synst du Erle oppfører seg OK mot Annika? Grunngje.
- Dei to jentene ser ut til å vere ganske ulike. Lag ei liste med motsette adjektiv som skildrar jentene. På kva slags måte kan kontrastar vere med på å skape spenning mellom to personar? Gje eksempel.
- Erle og Annika er stesystrer. Trur du dei hadde oppført seg annleis mot kvarandre om dei ”berre” var venninner?
- Annika seier ”hjelp!”. Erle prøver å hjelpe ved å få Marius til bordet deira, men Annika meiner ho har misforstått. Kva meinte Annika da ho sa ”hjelp!”?
- Kva slags tips ville du ha gitt til Annika før ho treffer Marius neste gong?
Hans Sande: Heilt konge, dikt for unge og galne Gjennomføre [...] tolkande opplesing. Vurdere egne og andres munnlege framføringar.
- Synst du dikta er morosame? Grunngje.
- Skriv eit dikt på maks 30 ord der emnet er kjærleik/forelsking/kjønnsroller og der du nyttar:
- ordet ”du” og ”ikkje” samt eitt ”grovt” ord - humor som verkemiddel
- Les opp i klassa og gje kvarandre respons ut frå følgjande kriterium:
- var diktet morosamt? Kva gjorde det morosamt? - klara eleven å lese diktet med passande tonefall og innleving? - kva synst du sjølv om diktet og framføringa di? Grunngje.
Gudrun Pausewang: Han var enno varm (novelle, fra samlingen Eg var der)
- Kva siktar tittelen til?
- Dama på toget opplevde dette for lenge sidan. Kva kan vere grunnen til at ho fortel det til ein ukjent person, mange år seinare?
- Kvifor kunne ikkje jentene leike saman meir?
- Kvifor kom ikkje familiane som vart henta attende?
- Nokre gonger kan kontrastar forsterke ei stemning (gråt/latter). Finn eksempel på hendingar som står i motsetnad til dei alvorlege hendingane i teksten. Kva oppnår forfattaren med dette?
- På kva slags måte prøver personane i teksten å behalde verdigheita sjølv om dei er fråtekne mykje av makta over seg sjølve?
- Korleis trur du jenta som fortel historia, synst det var å ete maten til familien Birnbaum?
- Synst du det var riktig av dei å ete maten? Grunngje.
- Hadde ”den vanlege tyskar” ansvar for nazistane si behandling av jødane? På kva slags måte kan historia vere aktuell i dag?
- For elever med nynorsk som sidemål: Arbeid med personleg pronomen.
Mikael Engström: Isdragen
- ”Han var den trettende eleven”. Kva kan talet 13 symbolisere?
- Kvifor beit Pi Mik i øyreflippen?
- Pi seier til Mik at han er morosam. Kvifor det, trur du?
- Kva kan Mik meine med ordet ”parallellverden”?
- I det nest siste avsnittet fantaserer Mik. På kva slags måte kan fantasien hans kallast ei parallellverd?
Cory Doctorow: Veslebror ser deg
- Humoristiske samanlikningar blir fleire gonger nytta som verkemiddel i teksten. Finn eksempel og forklar kva som gjer at det blir morosamt.
- Elevane er grundig overvakte, båe gjennom kamera og loggføring av PC. Kva slags problem meiner du sånn overvaking kan føre med seg? Er det greitt å overvake det elevane gjer for å unngå problem?
- Kva er hacking?
- På kva slags måte kan vi seie at det er ein maktkamp mellom Benson og Marcus på kontoret?
- ”Kunnskap gjer makt” er eit kjent ordtak. Vis korleis løyndommane til Marcus kan sjåast som eit eksempel på det.
Birgitte Gjestvang og Marit Slagsvold: Jeg har sydd 200 sting rundt omkring på kroppen (Ung sorg – 14 unge om døden og livet videre)
- Intervjuet handlar om verkelege hendingar. Korleis verker det på ditt førsteinntrykk av teksten samanlikna med om det hadde vore ei oppdikta historie?
- Tsunamien tek frå Helene all kontroll og forandrar livet hennar fullstendig. Beskriv først kjensla av avmakt og deretter korleis ho prøver å overleve medan tsunamien varar og vekene etterpå.
- Helene beskriv kjensla av ikkje å bli teke på alvor. På kva slags måte kan det vere vanskeleg for andre menneske å omgå ein person som har opplevd noko så forferdeleg?
- Kva er PTS (bruk eksterne kjelder)?
- Finn eksempel på korleis ei naturkatastrofe (t.d. jordskjelv, vulkan, tørke, tsunami) har forandra livet til eit menneske i ein annen del av verda. Skriv ein kort tekst (vel sjanger sjølv) der du formidlar nokre av vanskane personen har stått overfor.
- Legg merke til tidsbruken i intervjuet (vekslar mellom presens og fortid). Korleis påverkar det di oppleving av dei ulike hendingane?
Tone Kjærnli: Den mørke siden av månen
- Kva meinast med ”et selvoppfyllende profeti”?
- Kva slags punkt på lista oppfylte Kris? Korleis kan det sjåast som ein tragisk ironi i teksten?
- Kris og Kim nyttar innimellom ”stygge” ord til kvarandre, til dømes my ass, din kødd. Verkar det annleis å lese desse orda enn å seie dei? Grunngje.
- Beskriv skilnaden mellom Kris’ og Kim sine måtar å snakke om jenter. Samanlikn med Sug. Kva slags likskap og skilnader finn du mellom korleis dei snakkar til kvarandre om det motsette kjønn?
- Når Kris tenkjer på samtalene han hadde med Kim, kan det vere ein måte for han å arbeide med sorga. Samanlikn med Jeg har sydd... Kan andre sine historier vere til hjelp når ein mister ein kjær person? Er det skilnad på om historia er sann eller oppdikta?
Øystein Runde: Soga om Olav Sleggja
- Teksten nemner nokre historiske personar. Kven? Når omtrent finn handlinga stad?
- Finn eksempel på ulike perspektiv i bileta. Kva slags ulik funksjon kan fugle- og froskeperspektiv ha?
- Kva trur du skjer vidare? Teikn eller skriv stikkord.
- Finn eksempel på den knappe sagastilen i teksten.
Lars Mæhle: Landet under isen
- Du er reporter for lokalavisa og skal skrive ei reportasje om forsvinninga til Julian Brown.
- Skriv ei skildring av Smalvik. Hugs å få med mange sanseinntrykk: syn, hørsel, lukt, smak, kjensle.
- Legg merke til den mystiske tittelen: Kva trur du kan ha skjedd?
- Kva er det første du ville ha gjort dersom du var ansvarleg for etterforskinga?
Rick Riordan: Knokkel-labyrinten
- Amy og Dan er heltane i forteljinga. Finn eksempel på korleis Amy handlar og blir skildra som ei heltinne.
- Legg merke til korleis teksten er bygd opp, med skildring, handlingsreferat, tankereferat og dialog. Når stoppar handlinga opp og kva driv handlinga framover? Korleis kunne historia ha vorte fortalt dersom du skulle bestemme? Meir skildring? Mindre dialog?
- I tillegg til bøkene er det laga ei eiga heimeside der lesaren kan vere med å løyse mysterium: http://the39clues.no/. Kva synst du om å delta aktivt sjølv på denne måten?
Faïza Guène: Kiffe kiffe i morgen I Frankrike bur hundretusenvis av menneske med røter frå Nord-Afrika: Marokko, Tunisia, Algerie. Dei bur ofte i forstadene utanfor dei store byane. Blant nordafrikanske immigrantar er det høg arbeidsløyse, og nokre av dei eldre er analfabetar. Mange av dei unge droppar skulen. Følgjande måte å lese høgt på gjer elevane moglegheit til å fordjupe seg i enkelte trekk ved teksten:
Sei at hovudpersonen heiter Doria og at dei no skal danne seg eit inntrykk av henne. Les høgt til og med ”enda lenger vekk enn faren min”.
- Kva fekk du vete om Doria?
No skal dei danne seg eit inntrykk av mora. Les til og med ”altså en som driter”.
- Skriv ned stikkord om mora.
- Skriv ned stikkord og eksempel på korleis andre oppfattar mora.
Les resten.
- Gjenta dei siste setningane: ”Det er som manuset til en film der vi er skuespillerne. Problemet er bare at manusforfatteren vår er helt talentløs. Han klarer ikke å finne på noen fine historier.” Kva trur du Doria eigentleg vil seie her? Synst du dette var ei god samanlikning?
Når dei har teksten tilgjengeleg sjølve:
- Kva slags inntrykk får du av Madame Burlaud, rektor Loiseau og Schihont ut frå Dorias skildringar?
- Kva slags religion høyrer Doria til?
- Kva slags verkemiddel finn du i teksten? Kva slags funksjon har dei?
- Doria beskriv korleis ho og mora blir sett som representantar for nordafrikanske innvandrarar, ikkje som individ, dei blir utsette for generaliserande fordommar. Vis eksempel på dette og på korleis Doria sjølv ser på nokre franskmenn med eit generaliserande blikk.
- Finn eksempel på diskriminerande og trakasserande ordbruk og handlingar.
Liv Skotheim og Anna Holm Vågsland: Bitching
I Bitching forklarast enkelte kjenneteikn ved jentemobbing. Utestenging/mobbing/det å vere annleis er tema i fleire av tekstene (Kiffe, Kiffe, Isdragen, Jenteloven). Elevane kan ta utgangspunkt i nokre formuleringar/hendingar for å lage eit rollespel med desse emna. Sånn oppmuntrast dei til å nærlese teksten, samtidig som dei står fritt til å arbeide med den sånn dei ønskjer.
Annette Münch: Jenteloven
- Kva slags inntrykk får du av jentegjengen? Kven er sjefen?
- Synst du skildringa stemmer med jentegjengar du kjenner til? Vær konkret.
- Verkar dialogane truverdige, eller er språket og uttrykka urealistiske?
- Aisha reagerer på det Hoa seier om å få barn. Kva kan grunnen vere til det?
- Les innlegg på denne sida: http://www.ung.no/nyheter/1212_Butikktyveri.html. Samanlikn med jentene i teksten: Kva kan vere grunnane til at unge menneske stel og naskar?
- Korleis meiner du det er riktig å straffe ungdom under og over 15 år som naskar eller stel?
Suzanne Collins: Dødslekene
- Korleis skildrar eg-personen Katniss seg sjølv?
- Kva slags science fiction-trekk har teksten?
- Kva synst du om teksten? Er det OK å lese om såpass valdelege hendingar? Ville du ha endra syn på teksten dersom dette hadde hendt på ekte? Kvifor?
- Det tek omtrent dobbelt så lang tid å kome seg over deltaking i realityshow som sjølve showet varar. Er du med i tre veker, tek det seks veker å finne tilbake til det normale livet. Kva kan det komme av? På kva slags måte trur du personane som er med blir prega av det?
- Kjenner du til nokre realityshow som du meiner går over grensa? På kva slags måte?
Vikas Swarup: Gutten som hadde svar på alt
- ”Det kommer ikke til å være så mye som et merke på kroppen til gutten.” Kva skal skje med guten?
- Guten fortel sanninga, men politiet nektar å akseptere det han seier. Kvifor er det så ”farleg” at guten vinn?
- Finn eksempel på at dei omtalar guten på ein trakasserande måte og med ufine kallenamn. Kva vil dei oppnå med det?
- ”Hvem vil bli millionær” er svært populært i mange land, og i Storbritannia er ein mann vorte dømt for juks. Søk på Who wants to be a Millionaire - Charles Ingram på youtube, til dømes: http://www.youtube.com/watch?v=oKdNGZFh10g&NR=1 Korleis vart jukset oppdaga? Kva slags ulemper kan det føre til å spele om så mange pengar?
- Filmen Slumdog Millionaire er basert på romanen som denne teksten er henta frå. Kva slags skilnader finn du mellom film og roman?
- Finn ut kva som har skjedd med barneskodespelarane i ettertid. Korleis meiner du dei burde ha vorte behandla?
|